UTLEIGE

 

Ulla fyrstasjon kan leigast ut til den som måtte ønske det.

Det er verd å merke seg at fyrstasjonen er freda av riksantikvaren.

 

Det er i alt 18 senger, fordelt på seks rom i andre etasje i hovedhuset. I kjellaren er det ein dusj og eit vakuumtoalett. Utleigereglar er oppslått i inngangspartiet.

"Fyrbetjenten" (naustet) høyrer med i leiga.

 

Det er det plass til omlag 30 personar rundt eit langbord. Etter avtale kan "Fyrbetjenten" leigast separat. Leigetakar skal til vanleg sjekke ut innan klokka 12:00.

Røykjelova gjeld her som på alle andre stadar, så det er ikkje lov å røyke innomhus.

 

Det kan etter avtale ordnast med omvisning på sjølve fyrtårnet.

 

Fyrstasjonen:

 

 

 

Prisar:

Leige av heile fyrstasjonen pr. helg: kr 3000,-

Evt. tillegg pr dag.: kr 1500,-

Tillegg for bruk av seng pr. person pr.døgn: kr 100,-

Tillegg for sengetøy pr.person: kr 50,-

 

Leige av heile huset ei veke : kr 6000,-

 

Tillegg for vask: kr 1000,-

 

(Med atterhald om endringar)

 

 

Kontaktperson: p.t. Geir Håkon Austnes, tlf: 9175 4874 (send helst melding)

 

Haramsøy

 

Haramsøya ligg ytst ute mot havet på Sunnmøre i Vest-Norge. Det går hurtigbåt til Ålesund (ca 40 minutt) til fergjekaia på Austnes.

Det går bilferge mellom Austnes - Kjerstad (Løvsøy) og Skjelten (Fastlandet).

 

Mellom Haramsøy og Longva er det ei bru som bind desse to øyane i lag. Det bur omlag 1200 menneske på øyane i dag.

 

Øyane har ein flott natur. Kvernholmen ved Ulla, Haramsgardane, Flemsvikane på Longva, og Rønstadhellaren på naboøya Lepsøy er plassar det er vel verdt å oppleve.

Det er flatt og fint å sykle på alle tre øyane.

 

Det er óg ein flott opplevelse å gå på fjellet på alle tre øyane. På Haramsøya går det fjellvei frå Ulla og over fjellet til Haram. På Longva er det vei opp på fjellet frå Flem. Desse vegane er av variabel stand, men stort sett farbar med vanleg bil.

På Austnesfjellet er det opa hytte (Stormyrhytta) med vedovn, og høve til kano-leige. Enklaste vegen dit er frå byggjefeltet på Austnes. Følg merka sti.

 

Haram Kyrkje er óg verdt eit besøk. Den er ofte opa på sommarstid.

 

Ullafyrets Venner - Haramsøy | Rediger Web | Les E-post