Fiske
Det er flott å fiske frå berget på Kvernholmen. Det er mykje lyr og til tider makrell, men også all anna fisk. Men ver varsam. Gå ikkje der det er vått, der er det som regel glatt! Å hamne i havet her er ingen spøk (me ber då om betaling på førehand hvis du er av den dristige typa.)
Det greiaste er å fiske med "stingsild", som kan kjøpast i butikkane på øyane. Det kan vere eit lite triks å ikkje setje fast kroken i botnen, men øving gjer meister.
Hugs at det kan kome bårer som er større enn dei andre utan varsel!
Bruk flytevest!
Vér og Uvér
Vêret kan skifte raskt her ute.
Mange kjem hit ut både når det er fint vêr og ikkje så fint vêr. Når det bles og naturen tek litt i, er det ei oppleving å vere på fyret.
Jonsokaftan
Kvart år arrangerer Ullafyrets Venners samling næraste helg til jonsokaftan. Dette er ei tilstelling der ingen blir bedd, men alle kan melde seg på.
Du er velkomen som medlem. For tida er kontingenten kr 150,- pr.person.
Dugnad
Mykje (alt) av arbeid på Kvernholmen er gjort på "dugnad." Dette er ei ypperleg anledning for folk flest å kome å vise at dei kan noko.
Det er ein sosial 'happening', og ei fin oppleving å kome ut å arbeide saman med ildsjeler og kjekke menneske. Ta ein tur då vel...
Ullafyrets Venner - Haramsøy | Rediger Web | Les E-post