Utleige

Ulla fyrstasjon kan leigast ut til den som måtte ønske det.
Det er verd å merke seg at fyrstasjonen er freda av riksantikvaren.

Det er i alt 22 senger, fordelt på seks rom i andre etasje i hovedhuset. I kjellaren er det ein dusj og eit vakuumtoalett. Utleigereglar er oppslått i inngangspartiet.
"Fyrbetjenten" (naustet) høyrer med i leiga.

Det er det plass til omlag 30 personar rundt eit lanbord. Etter avtale kan "Fyrbetjenten" leigast separat. Leigetakar syter for reinhald og skal til vanleg sjekke ut innan klokken 12:00.
Røykjelova gjeld her som på alle andre stadar, så det er ikkje lov å røyke innomhus.

Det kan etter avtale ordnast med omvisning på sjølve fyrtårnet.


Hovedhuset, Fyrmesterboligen

Prisar:

Leige av heile fyrstasjonen pr. helg: kr 2500,-
Evt. tillegg pr dag.: kr 1250,-
Tillegg for bruk av seng pr. person pr.døgn: kr 100,-
Tillegg for sengetøy pr.person: kr 50,-

Leige av éi leiligheit (halve huset) pr. helg.: kr 1250,-
Evt. tillegg pr dag.: kr 625,-
Tillegg for bruk av seng pr. person pr.døgn: kr 100,-
Tillegg for sengetøy pr.person: kr 50,-

Leige av heile huset ei veke : kr 4500,-

Tillegg for evt. vask: kr 400,-

Kontaktperson: Oddfrid Sunde, telefon: 7021 0198, mobiltelefon: 9583 0438


Soverom i 2 etg. søndre del.


Soverom i 2 etg. søndre del.


Kjøkkenet i søndre del.


Soverom i 2 etg. nordre del.


Soverom i 2 etg. nordre del.


Kjøkkenet i nordre del.


Bad i underetasjen.


Toalett i underetasjen.


Stove i første etasje, ope mellom nordre og søndre del.


Utanfor hovedhuset.


Naustet "Fyrbetjenten"


Parti frå kjøkkenet i nordre del.

 

 

 

 

 

[Fleire foto]